Amerikaferda

 

Rasmus Digernes

Ørsta 1886-1972

 

   

Innhaldsliste:

 

Innleiining

 

Utferd 1911

 

St John 

 

Dakota 1911

 

Dakota 1912

 

Moose Jaw

 

Montana 1913

 

Montana 1915

 

Heimferd 1917

 

Div. bilete

 

 

 

 

 

 

(3)  Saint John

 

Den 6. april 1911 kunne Rasmus for første gong sette foten på amerikansk jord, i Boston i staten Massachusetts. Ferda heldt straks fram med jernbane til Nord Dakota og onkelen Johan Hovde, dit han kom fram om kvelden den 10. april. Han hadde då vore på reise i meir enn 22 døgn etter at han forlet heimbygda. Turen over Nordsjøen frå Bergen til Hull tok 2 døgn, i 10 døgn var han ombord i amerikabåten frå Liverpool til Boston. Ferda med jernbane frå Boston til St. John, omlag 250 norske mil, tok 3 døgn og 18 timar.

 

Landet han kom til var heilt ulikt noko han hadde sett før; eit bølgjande prærieland med open himmel til alle sider. Alt var sjølvsagt nytt og framandt for Rasmus, men miljøet i bygdene rundt St. John var likevel ikkje heilt framandarta; dei fleste han kom i kontakt med var av norsk eller skandinavisk herkomst. I år 1900 var folketalet i Nord Dakota omlag 319.000, av disse reknar ein med at omlag 115.000 var immigrantar frå Noreg eller etterkomarar av slike.

 

Rasmus vart buande i Nord Dakota i åra 1911 og 1912, og onkelen i St John vart seinare det faste haldepunkt under heile amerikaopphaldet.

 

 

     Torstag 6

Klokka er no 12, helt paa aa legg til kaia i Boston. Det hev vore taake inat so me hev legje aa tulla utfor her inat. Hev pipa bestandig, so det vart liten svevn. No er det steikjande solskin, og stilt.

Klokka 1/2 11 um kvelden, ligg aa ventar paa at toget skal gaa. Ja dette hev vore ein hard dag, det maa eg segja. Staa aa venta time etter time i denne hiten, og so dumba[1]; det tek paa, men no er det yverstide, so det gløymest snart. Og so hev eg vore plaga av haudeverk attpaa. Ja det syner, at me er komne til Amerika, for alt er stort og grumt. Det er svært til ein jarnvegstasjon dei hev her i Boston. Innseilingi til Boston var vakker, holmar og skjer, og so klett med pæne hus, der som var ein plite, so det tok seg særs gildt ut. Og so mykjen trafik, Mudrepramur, Seglskuter, Fiske-snekkur.

     Fredag 7

Kl 11. Hev skifta tog til Albany. Venta ein time. Det gjeng smaat dette, so skal me skifta i Binghamton og, før me kjem til Shikago. Eit vent land dette Amerika. Der me no hev fore er umtrent eins smaa bakkar med skog; og elvar innimellom, og so tett-bygt med fine hus, so naar ein ser nedigjenom ein dal, so er det nesten som ein by, Sporvogner og jarnvegar alle stader. Og so fabrikkar og gruvor. Kom til Binghamton kl 3 eftm. Vart verande der til kl 10. So eg veit ikkje naar me kjem fram paa denne maaten.

     Laurdag den 8.

Kom til Shikago kl 6 eftm. Skal gaa klokka 11. til Minniapolis, so det dreg ut tidi ja, men det lyt so vera, me kjem vel fram eingong. Eg sit paa ventesalen i Shikago og skriv dette. Det er svært kor stort og grumt alt er her i Amerika. Det syner at me er komne til den nye Verdensdel. Svært kor staute dei ser ut alle Amerikanarar mot Engelsmennene, og so vælkledde.

    Sundag den 9 eftm.

Kom til St Paal kl 5 eft. endeleg. Skal fara herfra kl 10. Trefte mange av reisefelagarne fraa "Cymric". Skal fara alle so skal vestyver kl 10. Kom til St John den 10 april kl 6 eftm. Farbror var paa stasjonen og tok mot oss. Kjøyrde os til Farmen sin. Svært kor gildt og vænt her er, eit lite vatn, og eit nes, og so mykjen skog, bjørk og bøk og selje. Farbror ser svært dårleg ut, vart reint forandra.

 

  

 

 

 

     Sundag 23 April

Hev no vore her hjaa Edstrøm 3 dagar. Det fyrste eg fekk aa gjera, var aa mjelka. Og det gjekk bra. Kjem visst til aa lika meg her, naar ikkje det var desse svartens kyrne, og so den stuten. Neste vike skal eg vera med aa byggja paa hotellet. Likar betre det enn aa staa aa rydja eikekjeppar og gjera rein hagen.

     Tenkjer ofte paa deim heime; skal tru kor dei hev det, hev endaa ikkje fenge noko brev, men det vert vel ikkje so lenge no voner eg. Hev idag vore med ein Villiam Kreg til andre sida av Fihs Lake. Han hev vore her paa Edstrømplassen i vinter. Heimen hans er paa andre sida. Han skal fara imorgo herfraa. Fer god mat her; men eg hev vorte mager likevel. Voner eg kjem meg seinare, foresten er eg smellande frisk, for her er vist godt klima. Folket her balar ikkje med aa halda stort helg. Her er ei Norsk Kyrkje tett ved, men eg hev ikkje høyrt um at der skal vera preike. Presten hev visst eit vidstrakt Kall.

 

   

 

 

(utdrag av brev datert 30.4.1911)

De kan tru eg hev plenti aa gjera her eg no er komen. Det fyrste eg gjer um morgenen er aa mjelka 3 kyr, medan Edstrøm kokar; so er det aa vaska upp etter maten. Med det er me ferdig kl 1/2 8 - 8. So er det aa gaa paa arbeid, anten paa hotellet eller med baatarne, for han hev ei mengd med baatar som skal maalast aa pussast til turistane kjem Og dette store huset hev me ikkje fenge takt enndaa, det er eit forferdelegt arbeid aa tekkja det, for det er ialt 14 arkje paa det, og so er det takt med spo. So hev me middag kl 1 - 2 daa og lyt me koka aa vaska upp sjølve. So aa arbeide att, til kl 7 vel. Og daa hev eg attpaa aa leita upp kyrne aa mjelka, og det er det verste, for de kan tru det er ikkje her som heime, aa gaa uppaa ein haug aa sjaa utyver all mark. Nei, her er nokre smaa haugar, men dei er for smaa, og so er her fullt av skog so ein ser ingen stad, og attaat ein slik vind altid, at det er uraad aa høyra bjøllurne. Men det gjeng godt, aa eg lengtar ikkje, so eg likar meg godt. Og me fær det likare, naar kona aa dotteri kjem der inn daa slepp me no matlagingi.

 

Denne mannen eg er med hev 2 plassar han bur paa. Ein her tett hjaa farbror, der han bur um vinteren. Og so ein der inne me no er, ved "Fish Leak" Fiske Vatn. Kona bur her, tett hjaa farbror, det var hjaa henne me var paa besøk til, med same me kom her. Det er visst kjekke folk baade kona og mannen.

Her hev vore støvande fint ver, sidan me hadde den snøstormen med det same me kom her. Ein varme som midtsumar heime, men igaar kan de tru det vart umbyte; isande kald nordanvind, so kaldt, at det fraus tjukk is paa vassbytta i romet der eg ligg. So her er so kaldt, som det var vinter heime.

 

Andreas hev fenge seg arbeid paa ein plass, so ligg paalag midt millom der eg er og so farbror, han hev hyrt seg for 8 maanar, 25 dollar m.

Eg tenkte eg skulde faa høyra heimanfraa idag eg kom her til farbror, men det er vel fortidlig endaa. Farbror hadde fenge brev fraa Magna igaar, so eg fekk frette heimanfraa likevel. Det stod vel til høyrer eg, voner det no eg skriv dette og.

Naar de skriv, so maa de berre fortelja alt mulegt. Kor det gjekk med fiskja, um de turka fisken, og alt anna.

 

Eg tenkjer paa aa driva paa trearbeid, um eg kan faa noko, naar eg er ferdig med Edstrøm. Kan henda eg fær vera med honom, for han brukar aa taka akortar og fara rundt paa arbeid kvar som helst. Aa vert her eit godt aar, so vert her nokk aa gjera, tenkjer eg, og um ikkje det, so kan ein fara ein annan plass. Det gjeng seint med aa læra sproket med meg, for me talar ikkje anna norsk, men det vert likare naar kona kjem inn for daa talar dei engelsk seg imillom.

 

   

 

 

 

   Sunndag 7 Mai

Hev denne vika fenge brev fraa Magna. Alt berre vel heime daa. Likar meg berre godt her. Arbeider paa hotellet og alle desse baatarne innimillom. Plenti arbeid, og so frisk og ingen heimlengt so gjeng tidi fort. Fyrre Sundag var eg av aa besøkte farbror og tala med Andreas. Folket her balar ikkje med aa halda so mykje helg som heime skaltru. Snilde folk likevel. Svært humane og forekomande i alle maator. Det gjeng smaat med aa læra detta forbaskade spraaket, for eg aa Edstrøm talar berre norsk, men eg voner det kjem seg naar familja kjem her inn, for dei talar berre Engelsk voner eg. Eg trur eg vil gjeva med ut for trearbeidar, det er betre pengar i det um ein kan faa arbeid paa den maaten. og so er det finare arbeid paa ein maate; eg trur eg skal greida det. Her er alle ting ferdige, det er berre aa setja saman. Men sjølvsagt er umgangmaatorne longt annorleis enn heime i Norig,men eg maa vel læra det naar ein legg godviljen til.

    Den 14 mai

Hev no vore her tetpaa ein maanad, likar meg bra endaa. Imorgo kjem kona herut, so daa slepp me aa koka. Det er eit langsamt liv dette paa ein maate, for her er ikkje mykje av det ein kan kalla morro. Men tidi gjeng fort likevel, for naar ein hev plenti arbeid, so fer ein ikkje stort tid aa tenkja paa noko anna. Voner det vert meir avveksling naar dei kjem herupp alle desse turistane. Og eg fer byrja aa lere noko av sproket.

Eg sveittar og arbeidar baade biefredag og helleg-torstag[4] her. Det gjeng i ein surr baade helg og yrke. Det er berre maten og arbeidet og pengarne folket her tenkjer paa. Aanei, det er likare i Norig likevel.

    Sundag 21 Mai

Ein fin dag idag, før i vika hev det vore skodda og surt. Hev vore ei hard vika dette, fara rundt aa leita etter krøteri mest kvar dag. Og so hadde med den 17 Mai onstag, dei vyr nok ikkje mykje den 17 her. Alle er glade no her, for det ser ut for aa verta eit godt aar, som eg skulle ynskja det vart.

 

  

 

 

(utdrag av brev datert 26.6.11)

Ja idag er eg her hjaa farbror, det er sundag, eg skal gjelpa honom med aa faa istand høykorgi hans, for han skal til aa slaa no. Naar de fær dette brevet so er vel slaatten i full gang heime. Du maa vera flink til aa hjelpa deim aa sæte høy i aar, og slaa.

 

Denne vika kan de tru her hev vore varmt 110 grader i sola. Det vil vel segja so mykje som 35-36 gr celsius, so det er ein god mun varmare enn heime. Og arbeida hardt i slik varme det tek paa, ein vert so vaat som ein kom or vatnet av sveitte, Her er ikkje godt aa vera no, for det er steikjande sol um dagen, og um kveldane og natti hev me desse muskjetterne som vil plaga livet av oss. Naar eg skal mjelka so lyt eg ofte kveikja baal, so røyken kan jaga vekk det meste av muskjetterne fraa kyrne, for det er omtrent uraad aa mjelka deim utan, naar det er verst med muskjetter. Forige sunndag var eg i den Norske Kyrkja, der var samla alle Norske rundt her, det var fleire enn eg hadde tenkt. Og prest var der med kappe og krage, som messa og preikte akkurat som heime, men det var ikkje nokon flink prest tykte eg. Det er mykje turistar ved Fish Lake no. Forige sunndagskveld var Andreas der inne, og me var ute aa fiska ei liti stund, me fekk 6.

 

Igaar fekk eg brev fraa mor. Du maa helsa henne takk for brevet. Ho hev attlit for kledi mine. Aaja dei er nokk sunde ein grand, verst er det med hosorne, men det er ikkje so farle her um ein er ein grand sund, naar det ikkje heng lenger paa kroppen so er det aa kasta deim aa kjøpa nytt. For dei brukar ikkje aa bøta her. Eg fær vaska klearne mine der eg arbeidar, og det er godt, for det er nok ikkje lenge før ein er skiten her, naar ein sveittar so. Farbror hev fenge seg eit fyl igjen. Det er ei merr til so no hev han 6. Men no fær eg nokk slutta, for eg hev ikkje tid meir. Eg skuldar mange brev heim, men eg hev so liti tid, at det vert ikkje skrive med meg, men de fær skriva likevel, so eg fær høyra heimanfraa litt.

 

Skal helsa so mykje fraa farbror. Han grammar seg og læt ille, fordi kan ikkje tenar noko pengar, for han hev ikkje hjarte til aa selja nokon av mararne sine. Han segjer han vil selja aa fara til Kanada, men det vert naturlegvis ikkje anna prat. Folk brukar det her, naar dei vert so mykje skuldige, at dei gjeng fraa farmen sin. so fær dei til Kanada aa tek seg land der ........

 

   


[1] dumba = støvet

[4] Påskehøgtidene langfredag og skjærtorsdag

 

 

 
 
 
Redigert av Martin Furseth, mars 2012