(2)
Utferd
Sundag den 19. mars 1911, "kl 2 1/2 Em"
som det stod i ruteplanen den gongen, reiste Rasmus Digernes med
dampbåten frå Ørsta. Turen til Ålesund tok 3-4 timar, og der måtte han
overnatte før reisa kunne halde fram med kystbåten til Bergen.
I emigrantprotokollen for Ålesund er nemnt
fire ørstingar som utvandra den 20. mars 1911:
Andreas Ragnv. Pedersen
Hovde, gardbr.,f. 1887
Rasmus Mathias Knutsen
Hovde, fabr.arb. f. 1886
Jetmund Samundsen Bjørdal,
fiskar f. 1889
Henrik Petterson Bjørdal,
f. 1890
Alle fire skulle med "Hvide Stjerne Linien",
dei to første hadde tenkt seg til Nord Dakota, dei siste til Minnesota.
Vi ser at dei var alle i byrjinga av 20-åra, Rasmus 24 år og eldst.
Billetten hadde Rasmus kjøpt hos Harald Moa i Ålesund og reisa frå
Ålesund til Nord Dakota kosta kr 291,95 (sjå ill.). Omrekna etter
Norges Bank sin priskalkulator, ville denne summen tilsvare omlag kr
20.000,- i dag.
Dei var truleg budd på litt av kvart på
ferda dei skulle leggje ut på, og Rasmus fortalde seinare at han nytta
dagen før avreisa til å kjøpe ein spaserstokk med innebygt stikkevåpen
og ein liten revolver. Ein tur i byparken vart nytta til prøveskyting,
truleg den einaste gongen han løyste skot med våpenet.
Medan han var i Amerika, skreiv Rasmus
mange brev til familie og vener, og han hadde med seg heim ei mengd med
postkort og andre bilete frå dei stadane han hadde vitja. Men fram for
alt hadde han laga seg til med i ei lita skrivebok der han skreiv ned
opplevingar og inntrykk frå ferda.
I dette stoffet finn vi ei forvitneleg
skildring om korleis det var å vere norsk immigrant i Amerika i tida
rett før den første verdskrigen, og om tankar ein bondegut frå Sunnmøre
gjorde seg, i møte med den nye verda. Vi let difor Rasmus for det meste
sjølv få ordet heretter, gjennom dagboka og eit og anna avsnitt frå
breva heim.
|
1911
For fraa Ørsta Sundag den 19 mars i strålande solskin. Med ein
grand snø. Det var tungt aa fara, men det gjekk daa yver
forventning. Tykte mest aatvere for aa forlata Bestefar og so
Mor. Paal fylde med til Aalesund, skulde av aa prøva um han
hadde sjøverk [1]. Far kom til Aalesund aa henta honom. For fra
Aalesund Mandag den 20 Marts kl 8.20 ef. med damsk. "Jotunheim".
Mange paa kaia. Berta M. Milla og Maria Hovden Larsenfolket.Kom
til Bergen den 21 kl 5 ef. Ovidia Simonsen var paa festningskaia
aa tok imot meg. Skulde fara den 22 um kv. Men det vart ikkje
før den 24 fredag, daa Moa i Aalesund narra oss. "Forbarka
larven ". Det var gildt paa ein maate aa vera i Bergen, daa eg
var uppe hjaa Rebbestads og so fek me høve til aa sjaa oss um
ein grand.
For fraa Bergen den 24de kl 6 efm. Det gode veret ser ut til aa
halda seg, no den 25 eg ligg aa skrive dette attpaa hekken paa
dampbåten "Salmo"[2] er det straalande solskin og ein fin
nordvestlig vind, næsten ingen sjø. Kursen syd til vest. Eg ser
ein grand av fjelli aa Jæren i nordost. Skal tru kor lenge det
vert før eg no fær sjaa att "gamle mor Norig". Mang ein tung dag
vert det tenkjer eg aa mang ein sveittedrope, men det fær so
vera. Hev eg berre helsa aa livedagane so skal eg so sant koma
heimatt til gamle Norig aa heimen, for dei er visst best
likevel.
Ja Gud hjelpa meg til det.
Her er eit sota liv um bord, som ein kan venta. Nordmenn,
Svenskar og Finnar. Det fyrste inntrykk ein fær av nasjonarne er
at Svensk. er dei som er mest støyande. Nordmennerne er meir
rolege av seg. Me ser i England no, fek sjaa det kl 10 fm.
Sundag den 26. mars. Eit flatt land. Det er rart at det alt er
ei vike sidan me forlet Ørsta. Neste vike er me vel paa
Atlantarea.
Onsdag 29. Mars.
Ja no er me komne ut paa Atlanten, ser so vidt i Irland. Eit
flatt land ein grand høgare enn England. Sundag 26 Marts kom me
til Hull, um kvelden kl 6 efm. kom me inn i Albert Dokk. Bevare
meg for pengar det maa hava kosta aa laga alle desse dokkarne aa
halda deim djupe nok. Rasmus Hovda[3] stod paa kaia aa tok mot
oss. Sidan paa kvelden var me uppe i byen og saag oss um, det
var fint uppe i byen, men alting var mest svart av kolrøyk. Dei
kostar visst ikkje mykje paa maaling Englendarane for det er ei
sjeldenheit aa sjaa eit hus som er maala, baade i byen aa paa
landet. Det var eit svært liv uppe i hovedgaturne, men nede ved
dokkarne var det mest stilt.
Mandag 27. kl 9 1/2 kjøyrde me fraa Hull. Og kom til Liverpol kl
12 1/2, so det gjekk fort aa det med greier. Det var ei undarleg
kjensle ein hev fyrste gongen ein kjøyrer med bana. Og so trøytt
ein vert av det, det er særs trøyttande for augorne, for eg kan
vel segja, at me bruka deim. Det var mykje meir eg vil kalla by
det me kjøyrde igjennom eller land; for det var hus i hus alle
stader og store fabrikpipor, tett i tett, so kolrøyk var det
alle stader so tjukk som skodda, so soli fekk ikkje skina nokon
stad med si fulle magt. Endaa det var ein frisk nordaustvind. Eg
forstend ikkje kor det skal vera naar her er stilt; men det er
her vist aldri for her er so flatt, berre ein grand fint bakkut.
Den høgaste haugen eg saag var vel som Hovdeaasen, men han var
dyrka heile bakken, med "hekkjerde" millom kvar teig, so det tok
seg særs fint ut. Her finst nesten ikkje plike[4] som ikkje er
dyrka. Men for stygge hus her er! Smaa mursteinshus (bitte små).
Og so hev dei ikkje lødur, berre stakkar som stend ute paa
marki; kvar dei gjer av seg sjølve og krøteri forstend eg ikkje.
Det syner at Engelsmannen er "Økonom" fyrst og fremst. For han
husar seg ikkje ut yver marki som ein segjer. Det gjer dei heime
so mange. Daa me kom til Liverpol, kom dei aa henta oss med
vogn. Bevare meg for eit liv. Dei kjøyrde oss paa
Emigranthotellet. Der fekk me middag; men det var hurraliv ja,
der var mange som vilde hava mat der, ja. Mykkje yver 1000 det
er eg stød paa, av alle nationar. Germanarar, Slavar og Keltar.
Dei skil seg vel ut fraa einannan. Me laag paa hotellet um
natti. Me Ørstingane var so heldige, me kom paa eit rom saman
med 4 andre, 2 svenskar, 1 Finn og so ein Danske, tala mykje med
den finnen, han kunde Svensk; um Russen og Finland sin lagnad.
Tyrstag kl 11 gjek me umbord i baaten som førde oss burt paa
"Cymric", for han lade ikkje til kaia, han var for stor til det.
Det er ein bra baat ja eindaa han ikkje er meir enn 13000 ton,
eg forstend ikkje kor dei skal vera dei som er 45000. Ein kan
mest vandra seg vekk umbord i denne. Kor skal det ikkje daa vera
i deim. Det er reint fælt alle som fær yver til Amerika, baaten
er aldeles full, og naar ein so tenkjer paa, at det er mange
slike ladningar for vika som fær, kan ein verta reint fælen.
Kvar det skal verta av alt forstend eg ikkje. Eg trefte fleire
Aalesundarar og andre Sunnmøringar paa hotellet i Liverpol. Ein
Hjørungfjording som hadde vore der fyrr og. Tyrstags natti jekk
me yver Irskesjøen, daa sov eg godt, for eg var dugande trøytt;
ein vert trøytt av slikt. Staa aa venta paa tur til aa faa byrt
til aa visa billetten aa verta doktorundersøkt heile halve
dagen, tek paa.
Onsdag kl 10 fekk me sjaa Irland, so var me innum ei vik utanfor
byen Kvinstone[5] aa henta fleire emigrantar. Fleire hundrad der
og. Eg trur det var fleire Kvinnur enn Karar. Dei er vakker
desse Irarane. Dei er mykje lik skandinavarane. Ljos i hamliten.
Det syner visst, at vaare forfæder var heryver for Aartusinder.
Det er rart aa tenkja paa, at dei siglde her den tidi i sine
aapne baatar, der me no fær paa eimbaatar, som er som heile
byar. Dei laut hava ein sterk arm aa vit i hausen, det er sant
og visst. Av desse Irarne ser ein berre ender aa ein som er egte
Ire, med raudt haar, og blaa augor. Dei er visst foretningsfolk
paa sin hals dess brittarne. I Englandsbyarne kunde ein nesten
ikkje koma fram for gateseljarar og skopussarar. Og no me kom
til Kvinston kom dei roande i baatar og bora denne store
damparen, med ei skipside som ein kyrkjevegg. Dei hivde upp eit
tog til oss, og so entra ein kraftig kar upp. So hadde dei ei
lykje i enden paa toget og uppi den sette Kjeringarne seg, dei
var gamle og, men dei var vist vand til denne sportn for det
gjekk glatt med aa koma upp, for det var nok av deim som hala i
enden.
Torstag kl 6 efm.
Her er et sota liv umbord, som me segjer heime i Ørsta. Her er
millom 8 og 10 nationar; og daa er det ikkje anna ventande enn,
at her vert liv. Nordmennerne er som eg før hev nevnt rolege aa
tilbakeholdne. Tek lite del i moroa som er umbord. Sit anten aa
(pratar) talar seg imillom, eller spelar kort. Eller so gjeng
dei aa ser paa dei andre. Dei Danskar her er er mykje like
Nordmennerne. Svenskarne turar aa dansar eller so held dei kring
ei gjente. Ja dei er ikkje mykje blyg av seg gjentorne her
umbord, det skal vera sant aa visst. Ein som ikkje hev set so
mykje av livet, kan verta mest skjemd. Eg trur ikkje, at
gjentorne i Ørsta hadde fare so aat, um dei var herumbord, aa
ikkje er det no godt aa vita. Finnarne og Russen, og dei som
høyrer til den slaviske folkerase, er forferdeleg skitsame, som
dyr mest; det er fyrste intrykket ein fær av deim. Kvinnfolki og
ungarne ligg paa fillor, og søv. Kararne sit antan aa dormar i
ei kraa, eller gjeng ikring aa røykjer. Eller so held dei kring
gjenta si, aa syng lange klagande tonar. Engelsmennerne driv paa
aa leikar bestandig. Hoppar. Spelar fotball og mangt anna. Og so
driv dei mykje med aa syngja aa spela. Ein spelar fyre, medan
ein syng eller deklamera. Og so fell alle dei andre inn i Kor
etterpaa og ropar alt dei vinn. Ja engelsmannen er sportsmann
paa sin hals, det syner kvar han fær. Det er noko rart aa sjaa
gamle Kalar hoppa band saman med born. Og er glad aa lettliva
som dei. Her er svært til orden umbord. Kvinfolki lyt under
dekk kl 9 og kl 11 sløkkjer dei lamparne, og daa lyt alle leggja
seg. Og me fær god mat; naar berre folk var meir ordentle naar
dei aat, aa ikkje kara aat seg som dyr, medan dei som er lite
for seg fer lite eller ingen ting. Torstag eg skriv dette, det
gode veiret varer framleides, ein kjenner nesten ikkje at baaten
lidar paa seg. Her er slikt læven at det er mest uraad aa skriva
noko. Engelsmennerne spelar aa syng. Svenskarne bannar aa spelar
kort, medan alle dei andre nationarne tyt paa kvar sitt maal, so
ein kan verta reint forstyra. Her er vel mellom 8 og 10 nationar
umbord.
Tystag 4 April
Ja no hev me vore akkurat ei veke unbord i denne baaten, det er
rart kor tidi gjeng. Hev havt støvande veir til denne tid, men i
nat hev han blise upp ein real storm beint imot, so det er svina
Kaldt med snøbyor innimillom.
Alt er berre vel for eg er frisk, det er mange som hev vorte
forkjøla. Igaar hadde me vaksination og det gjekk kvikt fyre
seg, eg slap.
Onsdag 5 April
Idag er det vel siste dagen me er paa Atlantaren, ventar aa koma
inn inat. Hev ein rein storm paa bagbords laaring. Regn og snø
innimellom, so det er reint uhuggjelegt. Hev skrive heim idag,
og fortalt um reisi. Det var kalt aa sitje paa røykeromet aa
skrive.
|
Broren Paul Johan Digernes må ha tolt turen bra, for han vart
seinare sjømann og segla i mange år som
kaptein
for amerikanske reiarlag. Han busette seg i Huston, Texas, og
døydde der i 1965.
"Salmo" høyrde til reiarlaget Thos. Wilson Sons & Co, Hull.
Wilson-båtane (andre var "Domino" "Tasso" og "Juno")
gjekk i denne tida i rute mellom Trondheim, vestlands-byane og
Hull.
Rasmus Hovden, sjå: Mot nye heimland s.567
Cobh, tidlegare
Qeenstown, på sydkysten av Irland
|
|