Amerikaferda

 

Rasmus Digernes

Ørsta 1886-1972

 

   

Innhaldsliste:

 

Innleiining

 

Utferd 1911

 

St John 

 

Dakota 1911

 

Dakota 1912

 

Moose Jaw

 

Montana 1913

 

Montana 1915

 

Heimferd 1917

 

Div. bilete

 

 

 

Det meste av stoffet i denne artikkelen vart publisert i "Mi gamle grend", skrift nr 20, 2011.

Utgjevar: Hovdebygda soge- og velferdslag. Artikkelforfattar var Martin Furseth.

 

(1)  Innleiing

 

Rasmus Mathias Knutsen Digernes vart fødd på Rasmusgarden, Ytre Hovde, den 21. september 1886. I 14-års alderen flytta han til Digernes då foreldra tok over Pålgarden, farsgarden til Berte. Rasmus var eldst av ni sysken og skulle ta over garden. Han hadde likevel hug til å freiste noko anna enn gardsarbeid og fekk sitt første arbeid på spinneriet i Rustene, det som seinare skulle bli Møre Ullvarefabrikk. Før den tida hadde han gått i snikkarlære hjå Iver Brungot og S.O.Myklebust, og vinteren 1907/08 gjekk han på Møre Folkehøgskule i Ørsta.

 

Rasmus byrja truleg tidleg å leike med tanken på å fare til Amerika. Han vaks opp i ei tid då utvandringa framleis var stor, og han kjende mange som var busett "over there", både slektningar og folk elles frå Ørsta og Hovdebygda. Utferdslysta og trongen til å "prøve si lukke" var truleg stor mellom ungdomen i denne tida, og eit talande uttrykk for stemninga finn ein i ei av helsingane i Rasmus si minnebok frå folkehøgskulen:

 

            Digernes!

            No ser eg dei siste tindar blaa

            no sig det vel snart i hav

            No er den seinste skunten aa sjaa...

            og no er det alt i kav.

            Og halsen er turr, og bringa full;

            men ut! etter gods å gull!     (Kristian Engeset - 8/4 1908)

           

I tidbolken rett etter århundreskiftet kunne ikkje tilhøva i ei vestlandsbygd som Ørsta vere særs tillokkande for ein nyfiken og utolmodig ungdom. Nokre industriverksemder var rett nok komne i gang og bygdebyen Ørstavik var i si emning, i 1910 med "467 menneske og 62 huse". Men for dei fleste var likevel einaste framtida bondeyrket på små og tungdrevne gardsbruk, der slitet tok det meste av tida. Frå verda der ute, bak fjella og på hi sida av havet, frette dei om store nyvinningar innan teknikk og vetskap. I Amerika vart det alt i 1900 laga årleg omlag 1000 bilar, og Wright-brørne hadde gjort sin første flytur i 1903.

 

I heimen til Rasmus fanst mange av dei populær-vetskapelege tidsskrifta frå denne tida, mellom anna bladet "Kringsjaa". Alt før hundreårsskiftet vart her omtala emne som grammofon, kunstgjøding, utnytting av aluminium og fargefotografering. Utnyttinga av den "mystiske" elektrisiteten gav rom for mange eventyrlege spekulasjonar, og ein artikkel frå 1896 drøfter jamvel ymse måtar for å lage ein "signaltelegraf" for kommunikasjon med "mulige intelligente beboere paa Mars"!

 

I ettertid er det sett fram mange teoriar om årsakene til utvandringa, men for mange var truleg ein av dei viktigaste drivkreftene eventyrlyst og ynskje om å få del i den nye tida som dei såg vakse fram, særleg i Amerika, og som tyktest kome så altfor seint til dei tronge fjordbygdene her heime. Rasmus var truleg mellom disse, og då han reiste frå Ørsta i mars 1911 var nok hjarta tungt av tankar på heimbygda og dei heime på Digernes, men utferdstrongen var sterkare; han ville ut for å sjå og oppleve og kanskje finne lukke og rikdom i eventyrlandet der vest.

 

Dei fleste norske innvandrarane greidde seg jamt bra i Amerika og fekk ein god lagnad, truleg eit betre tilvere enn det tilhøva i Noreg kunne by dei på denne tida. Likevel var det mange som bukka under i dårleg miljø og umenneskelege arbeidstilhøve, eller dei fekk vonde kår i arbeidsløyse og einsemd. Innvandrarane måtte oftast ta til takke med hardt og farleg arbeid, og mange vart råka av ulykker. Men ei stor gruppe var og dei som kom attende til Noreg etter nokre år. Dei hadde ikkje alltid vunne seg rikdom på gods og gull, men derimot røynsle og vidsyn. I soga om dei norske utvandrarane vert det ofte peika på den store summen av arbeidsevne og talent landet vårt miste, det vert ikkje alltid teke med i reknestykket at mange dugande menn og kvinner kom attende med nye idear og pågangsmot. Ein reknar med at etter 1880 kom omlag ein fjerdedel av dei som emigrerte, attende til Noreg, og ein må tru at dette betydde mykje for omforminga og framsteget i bygdene våre i dei fyrste tiåra av det tjuande hundreåret.

 

Rasmus dreiv mest med bygningsarbeid i Amerika, og han hadde skaffa seg mykje godt snikkarverktøy. Då han kom heim i 1917 tok han til som bygningsmann. Han arbeidde ei tid som modellsnikkar på båtbyggjeriet for betonglektarar som vart starta i Ørsta i slutten av den første verdskrigen, men då dette tiltaket gjekk inn heldt han fram som husbyggjar. Han sette opp mange hus i Ørsta og Volda i mellomkrigstida, mellom dei hans eige, særmerkte hus i Ørsta, Digerneshuset. Arbeidstida i desse åra var vanlegvis 52 timar eller meir for veka, 9 timar kvardagar og 7 timar laurdagar, og timeløna var omlag ei krone. På ein akkord på eit hus i Volda i 1921 heldt laget hans heile kr 2.- pr time, men det var i den stutte oppgangstida rett etter verdskrigen.

 

I 1921 vart Rasmus gift med Signy Johansen, dotter til skomakar og fyrste telegrafstyraren i Ørsta, Odin Johansen. Ho var ei særmerkt kvinne, og seinare kjend i Ørsta som Signy Digernes, ei dugande forretningskvinne, billedveverske og kommunalpolitikar.

 

Då faren døydde i 1937 tok Rasmus over garden på Digernes. Han sjølv kom aldri til å drive jordbruk, men han gjorde mykje for å modernisere drifta og halde garden i hevd. På Digernes fanst det marmor i berggrunnen, og i 1939 starta han Kilda Marmorbrot (Sjå: Bergerksdrift på Sunnmøre). Han bygde etter kvart knuse- og sikteanlegg, lagerskur og kai. Opp til 7-8 mann var i arbeid, og 300 til 500 tonn marmorflis og pussesand vart årleg levert til kundar over heile landet, mellom andre til Oslo Rådhus. Drifta vart innstilt på slutten av 1960-åra.

 

Signy Digernes hadde starta handelsverksemd i Ørsta alt i 1919 og Rasmus tok etter kvart mykje del i den daglege drifta av forretninga. Dei handla med broderi-artiklar, strikkegarn og motevarer. Vareutvalet vart seinare utvida med presangartiklar og stoff av ymse slag. I september 1933 byrja dei med drogerivarer og vart medisinutsal for apoteket i Volda. Denne delen av verksemda tok slutt då Ørsta fekk eige apotek i slutten av 1950-åra. Broderi- og garnbutikken "Signy Digernes" er i dag ei av dei eldste handelsverksemdene i Ørsta.

 

I februar 1930 kom Rasmus attende til Møre Folkehøgskule der han hadde vore elev 22 år tidlegare, men no som sløydlærar. Denne posten hadde han til 1934. I fleire år var han og med i styre og stell i bygda på ymse vis. I 1936 vart Rasmus vald til brannsjef og han hadde dette ombodet til 1946. Ørsta Meieri A/S vart skipa i 1939 og Rasmus var med i det første styret. Han var med i byggjenemnda og var tilsynsmann under bygginga av nytt meieribygg i 1939/40. I åra 1952 til 1961 sat han i styret for Sunnmøre Kreditbank A/S, Ørsta.

 

Rasmus Digernes gjekk bort 19. august 1972, nær 86 år gamal. Han fekk eit langt og rikt liv og var kjend mellom vener og bygdefolk som ein godlynt og rettvis mann. Han søkte sjeldan vinning og heider for seg sjølv, men han let gjerne si store røynsle og innsikt i praktiske gjeremål kome andre til gode, og han gav råd og hjelp til mange.

 

Ein gong fekk Rasmus oppdraget med å reparere tårntaket på Ørstakyrkja. Til å hjelpe seg med arbeidet fekk han med seg ein annan dugande bygningsmann frå Ørsta, Einar Ose. For å kome til på taket bygde dei stillas ut ifrå tårngluggane, og arbeidet var vel helst noko vågsamt. Det tykte nok dei to karane sjølve og. Kanskje difor fann dei ut at dei fortente eit lite minnesmerke etter vel utført arbeid, og på toppen av spiret, på sjølve verhanen, rissa dei inn namna sine.

Ikkje noko stort og prangande minnesmerke vart det, men det finst der, høgt og fritt over bygda stend det.

 

 

 
Tilbake til startside

 

 
Redigert av Martin Furseth, mars 2012